Totalt antall sidevisninger

onsdag 26. oktober 2011

sunshine frolics

blei ferdig med blokkene for ei tid siden, og no har eg fått sydd dei samen...






får gjordt mykje på ein fri dag :)



teppe e klar til quilting....
Dette begynte eg på mens eg var mamma permisjon,
( snart 3 år siden). 

a boy`s story

Så var eg ferdig med a boy`s story :)
og klarte det før 3 års dagen..

Her har 3 åringen sovna  trøtt og sliten etter familieselskap,
med presanger og kaker. Han var vel meir intressert i lekene enn teppe.
men var fornøyd når han la seg og ville ha teppe med seg i sengo:)

søndag 9. oktober 2011

a boy`s story









alle blokkene ferdig sydde :)

blokkene er sydd samen ,
no mangler eg berre vatt og bakstykke så e det quiltingen igjen :)
nerme meg målet :)

onsdag 21. september 2011

a boy`s story

Flytta sy maskina ned på kjøkkenet for å få sydd meir på teppe til minste mann.
 og plustelig hadde eg applikert og sticha alle motivene :)







og no har eg fått sydd dei to første blokkene ferdi, 
berre resten igjen ;)

onsdag 24. august 2011

a boy`s story

Her har det vore stilt ei stund, men så har eg ikkje sydd noko i sommar heller :(
No tenkte eg eg skulle oppdatere fremgang på a boy`s story. Er ferdig med sticheri ene og har klippet og limt klart alle applikasjonene. på tide å begynne å sy litt kjenne tids presset litt no.


Minste mann som skal få teppe blir 3 år i slutten av oktober, har eit lite håp om å bli ferdig til det.( vis ikkje blir det til jul.)

tirsdag 10. mai 2011

vogn teppe



har sydd vogn teppe til ei venninne.
såg eit teppe i  eit blad Stich hete det.
og har prøvd meg på det uten å lese mønsteret,
sånn blei mitt.
har flecce på baksiden sånn at det skal vere varmt og godt.

tirsdag 5. april 2011

a boy`s story



snart ferdig med sju av 13 små tegneserier :)

Påske høne


I år blir det påske høne med snop i magen i staden for egg.
finn jo ikkje to like deler av eggene, så me prøve ein anna vri ;)
glidelås i ryggen til opning.

lørdag 19. mars 2011

Hjerter



Har gjort eit forsøk på å sy nostalgiske hjerter til pynt.
med blonder og pyntesaum.

mandag 14. mars 2011

Fleece kjole

Fekk sporsmaål om å sy flecce kjole til Tante.
Va litt små skummelt å sy etter mål uten å kunne prøve underveis.
sånn blei den.
var heime ein tur i helgo og fekk levert den,
og sett den på. Tante blei kjempe fornøyd.
va kjekt å sjå at den passa,
etter å ha prøvd meg på å sy te andre enn meg sjøl.

ho blei kjempe fin i den. så eg kan vis tørre å sy fleire:)

søndag 6. mars 2011

inspirerande quiltehelg

Har hatt ei kjempe kjekk helg i lag med mange quilte glade damer,
Stord quiltelag arrangerte i hønsahuset ved golfbanen.
desiree frå desirees lappeteknikk kom med litt av butikken sin, 
og holdt eit inpirerande foredrag, sy med hjertet.
utruleg kjekt å høyre på, og det var mange som møtte opp til foredraget.
Eg tok med meg hjerte blokkene eg vant på vestlandstreff 09,
i håp om å få litt ideer til ka eg kunne bruke dei til.
Mange engasjerte seg og eg enda opp med å bruke dei røde hjertene.
lagde ramme rund dei og blei meir fornøyd etter kvart som eg sydde.
til slutt med quilting og rød lukke kant.


sånn blei det. har mange fleire hjerteblokker igjen. 
no har eg i allefall begynt på dei. No gler meg til å henge dette på veggen.

søndag 27. februar 2011

små ting

sydde noko små ting på fri dagen min.
liten sminke pung
2 klemme punger
og prøvde meg på å lage nøkkel ring
fekk og sydd ferdi ein løper eg har holdt på med.

a boy`s story



13 små teikneserie stichery ferdi teikna av:)
Då e eg begynt på teppe til Thomas:)

fredag 18. februar 2011

nytt


Har vore i Stavanger og henta meg ny symaskin:) 
underste bilde har eg testa nokre saumar

etter ein blogg runde kom eg over ei som sydde på eit gutte teppe
likte det så godt at eg måtte finne mønsteret.

a boy story av anni downs fra australia. så det berre måtte eg ha.
har hatt lyst å sy teppe til Thomas lenge, så no e det berre å beynne
skikkeli gutte teppe med tegneserier og gutte motiv

ellers har eg og begynt å strikke vaske kluter:)